Europapris til Ringebu kommune

Ringebu kommune får Europarådet si utmerking for innovasjon, godt styresett og lokaldemokrati.
Det var under kommunedagane 2013 i Oslo tysdag at ordførar Erik Odlo tok imot det synlege beviset på prisen. Den vart for fyrste gong delt ut i fjor, der dei fire kommunane Stavanger, Time, Lillesand og Bærum fekk prisen. Nå er Ringebu inne i det gode selskap. Det er ordføraren godt nøgd med.
– Vi er særs stolte for prisen. Vi har lagt ned mykje arbeid og hatt ei ærleg sjølvevaluering av kva vi er gode og svake på i kommunen. I kommunestyret har vi vedtak om å gjennomgå alle dei tolv prinsippa som Europarådet legg til grunn. Dei har vi tenkt å følgje opp, seier Odlo.
I komiteen si vurdering står det at Ringebu kommune held ein god, norsk standard når det gjeld demokrati- og forvaltningspraksis på dei fleste områda. Spesielt utmerkjer dei seg på det breie omstillings- og utviklingsprosjektet omkring styring og leiing som kommunen har sett i gang. Kommunen scorar også høgt på innovasjon står det i pressemeldinga
Europapris.jpg
EUROPAPRIS: Ringebu kommune og ordførar Erik Odlo fekk utmerkinga under kommunedagane av politisk rådgjevar Anja Hjelseth.Foto: Gerardo Poblete, KS
Kilde: GD 26.04.2013.